| Pearl - One for the Road |
Velkommen til dei offisielle heimesidene for countryrock-bandet "Pearl" frå Halsnøy i Hordaland. Pearl vart skipa i 2003 som eit Creedence Clearwater Revival tribute band, men utvida repertoaret til generell 50-60-70 tals musikk etter kort tid. Bandet hadde opprinneleg fem medlem, men staben var svært variabel gjennom bandet's femårige karriere, med berre to av medlemma fast gjennom heile perioden. Etter eit trettitals spelejobbar gjekk medlemma i Pearl kver for seg i 2008, etter som medlemma valde å prioritere skule og utdanning.
I dag er mange av medlemma i "Pearl" framleis musikalsk aktive, deriblant Pearl-gitarist Martin C. Kviteberg, som i dag er strengførar i countrygruppa "One Night Stand Band".